Om oss

Fjordhesten Turbuss AS er det vesle busselskapet med det store hjarta! Me tilbyr turbusstransport i hovudsak i Nordhordland og områda rundt. Dagleg leiar har 30 års erfaring frå bussbransjen!

Mål og strategi
Målet vårt er å vera den føretrekte busspartnar for kundane våre. Strategien er enkel – Alt for kunden!

Kvifor bør nettopp du velja Fjordhesten Turbuss AS?
Me er eit lite busselskap med lang røynsle. Dei tilsette hos oss er fagfolk på transport. Me er som «butikken på hjørnet» i bussbransjen. Dersom du skal flytte store folkemassar på kort tid bør du snakke med «dei store». Skal du ha ein fin tur der kvaliteten teljer mest, då skal du snakke med oss!

Som kunde hos Fjordhesten vert du sett og høyrt. Du har behovet – me har løysinga! Flotte kontaktskjema og uendelege tastevalg er ikkje stilen vår. Slå på tråden eller send ein epost- me svarar deg så fort me kan!

 

Tom Halland Kristiansen er sjåfør og daglig leder i Fjordhesten AS.
Tom Halland Kristiansen er sjåfør og daglig leder i Fjordhesten Turbuss AS.

 

 

Logo Fjordhesten uten ramme
Fjordesten-logoen står for pålitelighet, styrke og kjennskap til Vestlandet. Logoen ble offisielt godkjent som vårt varemerke høsten 2014

 

FJORDHESTEN – for farende fant!

– for farande fant –